Forum for teologi og religionsfaglige bibliotek
Forum for teologi og religionsfaglige bibliotek (FTRB).
UB Bergen er med i FTRB og har vore med iallfall sida 2004.
FTRB er eit nasjonalt teologi og religionsfaglig forum som treffast årlig for å styrke og oppdatere fagkunnskapen til bibliotekarar, og for å informere om korleis dei ulike biblioteka fungerer. FTRB er og medlem av BETH som representerer internasjonale teologiske bibliotek.
I år var samlinga på Ansgarskolen og Universitetet i Agder (10.-11.11.11)
På Ansgarskulen haldt 1.amanuensis i bibelvitskap Årstein Justnes eit innlegg om Mindfulness. Vi var og på ekskursjon på utstillinga Himmelen over Sørlandet.
Dag 2 var vi på UiA der biblioteket minner om NHHs bibliotek, der biblioteket fysisk er inkorporert i universitetsbygget. Dei har og informasjonteneste og it-hjelp i biblioteket.
UiA har ei samling på 200.000 e-bøker, noko som dekkar 20 % av pensumsamlinga til studentane.
På UiAs bibliotek fikk vi ei omvising i Ro-samlinga og ei utstilling om Abel.
Irene Trysnes (UiA) hadde ei førelesing for oss om Gud på Sørlandet, ei religionssosiologisk framstilling om tru blant unge trusutøvarar der ho og såg på korleis utøving av tru arta seg med omsyn til rus og kristne festivalar, der dans og musikk er mykje meir akseptert enn slik ein kjende kristne miljø tidligare.
Som fagreferent finn eg desse samlingane svært lærerike. Tidligare nytta vi også desse samlingane til å oppdatere BIBSYS’ emneportal om religion og filosofi. Eg har skjønt at vi som arbeider med religion og teologifaglige aspekt er unike i nasjonal samanheng når det gjeld faglige samlingar utanom fagreferentkonferansane. Om du vil vite meir, berre spør!
– Solveig Kavli, Universitetsbibliotekar bibliotek for humaniora.
For meir om kven som er med sjå lenke:
Legg igjen en kommentar