Ane på besøk til Newcastle university library
november 29th, 2010Sommaren 2010 hadde vi Bergen International Week, der det var 30 gjestande bibliotekarar. Ei av desse var Karina Forrest frå Newcastle University Library. Eg er no invitert på gjenbesøk, finansiert med Erasmus-midlar, og reiser til Newcaste 13.-17 desember.
Heimesida til Newcastle University Library: http://www.ncl.ac.uk/library/
Newcastle University Library har fått Charter Mark frå den britiske regjeringa for femte år på rad. Charter Mark er ein nasjonal pris for «excellence» i kundeservice i offentlege tenester. Meir om det her: http://www.ncl.ac.uk/library/about/chartermark.php, og eg har bede spesielt om å få høyre meir om dette.
Eg har også bede om å få lære meir om deira arbeid med den strategiske planen. Meir her: http://www.ncl.ac.uk/library/about/strategic_plan/
Dersom nokon har ønskje om anna eg skal finne ut medan eg er der, gjer vel og sei frå.
Eg skriv sjølvsagt rapport når eg er tilbake.
Helsing
Ane, Samhum»