Om lesebrett – og besøkelsestid?
Trondheim har (relativt) nyleg halde lesebrettseminar. Erfaringane frå dei andre UBa er summerte opp i ein bloggpost frå UBIS. Her står det mykje interessant å lese. Valet står mellom glossy og glamorøst, og lesevenleg i sollys. Mellom lett og gjenkjenneleg navigering (ta, føle og zoome) og kanskje litt gamaldags (trykke og taste). Mellom fleirbruksbrett med stort distraksjonspotensiale og fokus på det einaste eine (og reine?): lesinga. Det er mykje å ta omsyn til, mange spørsmål å stille. Det spørsmåleg EG stiller meg, er: KVAR er UBB?
Legg igjen en kommentar