Nytt frå referansebehandling: Google Scholar integrert i Google Docs!
Det låg jo i lufta som eit neste naturleg steg, men Google har endeleg tatt dette steget: Den som skriv i Google Docs kan kan no søke opp ein referanse i Google Schholar og sette denne rett inn i dokumentet! Dette er faktisk ein funksjon eg til fleire har sagt eksplisitt, klart og tydeleg at eg ønskar meg!
Neida, du får ikkje med ‘parentes-teksten’ om du vel ein forfattar-dato-stil. Den må du visst legge in sjølv. Og det er enn så lenge berre tre stilar. Til gjengjeld ser fotnotestilen overaskande bra ut. Men: Dette er gjerne tenkt som eit lavterskeltilbod til semesteroppgåveskrivande studentar? I så fall kan eg tenke meg at den største utfordringa rett og slett ligg i at mykje av materialet dei siterer (tekstbøker, bokkapittel, encyclopedi-artiklar) er mangelfullt indeksert av Google Scholar. Utan muligheit til sjølv å legge inn artiklar, så kan andre lavterskeltilbod, som Zotero, kome relativt sett betre ut….
Kunne du utdjupe? 😉
CTRL + Alt + R