Kindle og våre e-bøker
Vi har ein aukande stamme med e-bøker, men korleis kan desse lesast av våre forskjellige brukargrupper? På papir? Springer opnar for kapittelvis nedlasting i pdf-format. Kjapt og greitt å skrive ut! Ebrary har auka grensa for kva ein kan skrive ut av gangen frå 5 til 20 til 40 sider. Kapitlet er innan rekkevidde – utan oppstykka ‘salamiutskrifter’. NetLibrary opnar for utskrift av inntil 60 sider. I prinsippet bra, men navigasjonen i enkelte verk gjer det er vanskeleg å finne fram til aktuelle sider. I Grzimek’s Animal Life Encyclopedia er til dømes kvar side ein separat pdf 🙁
Kva så med skjermlesing? Studentane stiller hos oss med bærbar maskin, eg høyrer lite om problem med e-boklesing. Men så veit eg jo heller ikkje kor mykje dei prøvar. Og leseplate? UBIS-bloggen melder om problem med å kople Kindle opp mot universitetet sitt nettverk, direkte eller via proxy. Ein må i praksis nøye seg med det som lar seg laste ned på ein PC (for eksempel som pdf) og overførast til Kindleen. Tidsskriftartiklar skulle forsåvidt vere greie (sjølv om finstilte figurar vere vanskelege å lese på ein Kindle-skjerm). Springer-pakka, som altså tillet pdf-nedlasting, synest ideell for lesing på Kidle. Resten kan det vere verre med.
Eit heilt anna spørsmål er om det er spesielt attraktivt å overføre frå ein laptop til ein Kindle? Ein kunne jo like gjerne kunne lese dokumentet på laptopen i første omgang? Kanskje er iPad redninga, men kanskje vel og studentane berre enkelt å lese på den maskina dei har? Eller på mobilen? Nokon som har sett studentar med Kindle rundt omkring?
Her er to kjekke karer som har testa ut:
http://www.youtube.com/watch?v=2IO_ch2PHMQ&feature=related
Har aldri sett en bruker med lesebrett i blbioteket(UBBHF). Kjenner ansatte som
har,de bruker det mest til «hobbylitteratur».
Det hadde vært greit om vi som ansatte ved UBB kunne fått testet ut div. typer
lesebrett, diskusjonen¨blir lett hypotetisk når vi aldri har prøvd dette sjøl.
Kari