Det norske e-bokbrukarane og deira lesebrett…
Libris og Norli lanserte førre veke eit nytt lesebrett (Kibano), med magnetkort (Digikort). Dette magnetkortet er av same type som tidlegare er i bruk for lydbokløysinga Digibok. Tanken er at ein kan kjøpe nye bøker (magnetkort) fysisk i bokhandelen. På den andre sida KAN ein også laste ned bøker til Kibano via wi-fi.
Dette vekte ein twitterstorm (eksempelvis #magnetk0rt, #magnetbok og #norli). Kritikken har gått på at 1) teknologien er gamaldags og tilbakeskuande, at 2) Norli vel å satse på ei slik fysisk løysing når det framleis ikkje eksisterer ei smidig løysing for bokkjøp via nedlasting (Ordskya har sine manglar), og 3) at kritikarane har vanskar for å tru at det finst ein bærekraftig marknad for slike produkt. Med andre ord, at navigasjons- og nedlastingsskrekk vanlegvis er kopla med skjermskrekk. Har du ikkje skjermskrekk, klarer du fint å laste ned.
Legg til frustrasjonen over at det heller ikkje er lovleg å kjøpe ei norsk bok og legge på det lesebrettet ein vil (e.g. Kindle), så får du ein høg temperatur.
Det er jo uvisst kva, om noko, lanseringa får å seie for oss på UB. Det er likevel greitt å ha ein viss idé om kva som skjer der ute. Lenkar til fire nye innlegg i e-bokdebatten:
Tore Neset: Jeg, en boktyv
Eirik Newth: En iPod med påklistret kassettspiller
Thomas Nortvedt (Forbrukerrådet): Norsk bokbransje: Nå også med magnetbok
Jon Hoem: Libris med eget lesebrett
Legg igjen en kommentar