Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    Biblioteklaboratoriet 18.11.11

    Bottom up. Hva skjer i den bibliotekteknologiske undergrunnen?

    Biblioteklaboratoriet heldt sitt siste seminar 18.11.11 på HiOA (http://biblab.no/blog/archive/2011/09/29/bottomup.html).

    Benjamin Rokseth og Asgeir Rekkavik frå Deichman haldt innlegget “Deichmanske bibliotek – fra marc til web”:
    – Opne standardar og kjeldekode er drivarar for deling, samarbeid og utvikling basert på behov.
    – Deichman har bl.a. hatt eit prosjekt der dei har sett opp publikumspc-ar basert på open kjeldekode: http://digital.deichman.no/blog/2010/10/14/om-vare-publikumspc-er/
    – I dag er biblioteka si formidling på nett fragmentert, dette vil Deichman prøve å samle og gjenbruke via semantisk web. Dei har RDF-isert over 400 000 boktitlar frå katalogen sin, ca. 3000 omtalar frå Ønskebok og ca. 700 eigne bokomtalar.
    – Dublin Core og BIBO er dei viktigaste standardane for å skildre biblioteksrelatert materiale.
    – Ressursar som vert skildra betre av andre bør lenkast til!
    – Biblioteka må vekk frå katalogkort-tanken, kvar opplysning må kunne stå for seg sjølv.
    – Lenke til presentasjonen: http://rdf.deichman.no/presentations/presentasjon-biblab-2011-11-18.svg#1_0


    Anne Lena Westrum fortalte kort om to prosjekt Deichman har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til i 2012:
    – Aktive hyller: berike det fysiske biblioteket med digitalt innhald, dei skal utvikle ein prototype på formidlingsstasjon (http://digital.deichman.no/blog/2011/10/21/prosjektpenger-1-aktivehyller/).
    – Bokanbefalinger til brukerne: Dei skal utforme enkle retningsliner for anbefalingar og lage ein prototype for å samle anbefalingar (http://digital.deichman.no/blog/2011/10/21/prosjektpenger-2-bokanbefalinger/).

    Rurik Greenall (NTNU) fortalte om hans arbeid med å kople biblioteksdata mot kommenteringsplattformen Disqus (http://disqus.com/). Han nemnde at for at det skal fungere må det vere nok kommentarar (kritisk masse) og det må vere enkelt for brukarane. (BiblioCommons eit døme på eit biblioteksystem som samlar kommentarar frå mange bibliotek: http://www.bibliocommons.com/). Eit problem han skisserte var å finne unike identifikatorar, ISBN er beste alternativ men det har også sine avgrensingar (ikkje for eldre materiale, skrive på ulike måtar i katalogen). Rurik sin oppsummering av Disqus er at det er enkelt å legge inn i katalogen og at det fungerer ok.

    Magnus Enger skisserte korleis ein kan få semantikk inn i bibliotekkatalogen med Koha som døme: http://www.slideshare.net/MagnusEnger/sniksemantifisering-av-bibliotekkatelogen

    Robert Engels presenterte korleis Popsenteret har bygd opp publikumstenester ved hjelp av RDF. Dei har laga ein datamodell som er bygd opp rundt entitetane Person, Band og Alias. Alle data er i RDF (med ontologiane DC, FOAF og GeoNames), og systemet er bygd opp av open kjeldekodeverktøya Razuna og Protégé, med Adobe Air på toppen.

    Siste innlegg kom frå David Massey (HiOA) som kom med nokre ynskje for bokdata. Han meiner data bør ut av siloane og vere meir som legoklossar – moglege å bygge saman. Han viste til det svenske Öppna bibliotek som er ein brønn der svenske bibliotek kan sende inn sitt digitale innhald slik at alle kan gjenbruke det. Öppna bibliotek har ikkje eit eige grensesnitt, men tilbyr data til andre. Massey såg så for seg korleis ein kunne henta inn data frå ulike kjelder for å lage ei Ønskebok+-teneste.

    Moment som dukka opp i diskusjon:
    – P.g.a. sårbarheit kan det vere bra å bruke mest mogleg offentlege data då dei truleg er meir stabile.
    – Dersom ein baserer tenester på datakjelder med opne lisensar kan det vere ein moglegheit å laste ned data for å sikre tilgang i eit lengre perspektiv.
    – Pass på at det er ein lisens som let deg gjere det du er ute etter med dataa. Er det ikkje lisens så ikkje bruk dataa!

    Les SIKT sin oppsummering av seminaret her: http://www.norskbibliotekforening.no/site/sikt/article.php?id=79

    Tarje og Irene, DST

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *