Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    Online Information 29.11-01.12.11

    I slutten av november var Karin R. og eg på konferansen Online Information i London, medan Ole Gunnar var på utstillingsdelen. Sentrale tema frå føredraga eg fekk med meg var mobile tenester og app’ar, collaborative consumption, big data, linked data, e-bøker og søking. Her kjem ei oppsummering av nokre av føredraga eg høyrde:

    Phil Bradley: Google+ : is it a plus or minus for librarians
    – Google har aldri vore særleg gode på sosiale medium, kanskje er Google+ deira siste sjanse for å lykkast innan sosiale medium?
    – Skal ein vere på sosiale medium må ein bygge opp profilen sin med informasjon. Berre på denne måten kan ein bygge tillit, som er essensielt i sosiale medium.
    – Bibliotek bør vere der brukarane og samtalane er: “People who want to know stuff ask people they know. You have to make sure that you’re one of them”.
    – Bibliotek kan t.d. bruke Google+-hangouten til instruksjonar, konversasjonar og skjermdeling og lage spesifikke målgrupper (sirklar) som ein kan skreddarsy informasjon til.
    – Negative sider ved Google+ (innvendingar han har høyrt): ein må bruke verkelege namn, manglande kritisk masse, “éin til å lære”, førebels få firma, antihaldning mot sosiale medium.
    – Websider er døande, det er ressursane som er i sosiale medium som er framtida.
    – Kva biblioteket må starte med: engasjere oss med brukarane våre uavhengig av kvar dei er, verte utgjevarar for å fjerne hinder, verte “the librarian militant”
    – Kva biblioteket må slutte med: sjå på sosiale nettverk som ein stad kor me leverer einvegsinformasjon, sjå på artefakten som kunnskapen, tru at me eig “community materials”, tru at me er i bokbransjen.


    Henry Langseth: “The whole world in your hands” (http://www.slideshare.net/cocktailhour/informationonlinelondon-2011-youhavegotthewholeworldinyourhandanacademiclibrarygoingmobileanorwegianexperience)
    – Biblioteket ved UiA har laga ein app. Langseth starta arbeidet då ein student viste han mobilen sin med eit bilete av datamaskinskjermen.
    – Problem dei støtte på: Bibsys fungerer dårleg på mobil, lite pengar, lite kompetanse, IT-avdelinga ikkje så interessert.
    – Dei brukte iWebKit frå http://snippetspace.com/, og fekk hjelp av ein IT-student som hadde sommarjobb i biblioteket. iWebKit har ein ikkje-kommersiell lisens for bibliotek og er difor gratis å bruke for bibliotek.
    – Ein norsk versjon vart lansert i februar 2011. App’en har ikkje vorte veldig mykje brukt, så dei skal informere meir om han.
    – Artikkeltips: Lorraine Paterson, Boon Low, (2011) «Student attitudes towards mobile library services for smartphones», Library Hi Tech, Vol. 29 Iss: 3, pp.412 – 423 (http://dx.doi.org/10.1108/07378831111174387).

    Rachel Botsman: Collaborative consumption: technology, business and society in the 21st century
    – CC: mange nye tenester for deling, byting og småskalahandel oppstår no. Botsman meiner me går frå fokus på eigarskap til fokus på tilgang (me treng ikkje eige bøkene, DVD-ane og CD-ane så lenge me får innhaldet).
    – Sosiale nettverk vert også til tenestenettverk. Døme http://www.taskrabbit.com/ der personar som vil få små tenester gjort vert kopla mot personar som kan utføre det for ein avtalt sum (mikrojobbar). Tenestene kan vere handling, vasking, setje saman møblar o.l.
    – Personar kan dele på varer (t.d. bilar) eller leige ut eigendelane sine (t.d. http://www.whipcar.com/)
    – Collaborative lifestyles: Sofadeling populært for personar på reise (t.d. http://www.airbnb.com/)
    – Dei nye tenestene bygger på effektivitet og tillit. Botsman meiner at det faktum at personar opplever at det er verkelege, individuelle personar dei handlar/byter/deler med gjer at det er lite svindel. Reputation capital (oppnådd gjennom vurderingar frå andre, stabilitet over tid o.l.) vil verte veldig viktig i desse tenestene.
    – Botsman snakkar om CC på TED: http://www.ted.com/talks/rachel_botsman_the_case_for_collaborative_consumption.html

    Richard Boulderstone (British Library): The role of data in scholarly communications
    – Biblioteket har tradisjonelt vore involvert i fyrste og siste steg i forskingsprosessen: gje tilgang til tidlegare arbeid i starten og arkivering/tilgang til resultatet på slutten. Når alt materiale no er digitalt er ikkje forskingsprosessen så lineær lenger. Det gjev output (datasett) på fleire steg i prosessen (ikkje berre ein tidsskriftartikkel til slutt), det kjem i mange ulike format og kan vere i store mengder.
    – Nye problem som har oppstått (eller vorte synlege) er oppdatering/versjonshandtering, at data er lokalisert mange stader, at det ikkje er lenking mellom artikkel og datasett.
    – Datasett er vanskelege å få nokon til å oppbevare etter at forskingsfinansiering er vekke, impact tek ikkje med datasett, dei er ofte vanskelege å få tak i og/eller tilgang til.
    – British Library håpar å vere med på å lage eit miljø for at datasett vert oppbevart, oppdaga, brukt og sitert.
    – BL er medlem av Datacite (http://datacite.org/ ), eit internasjonalt konsortium som arbeider for å bevare og tilgjengeleggjere datasett. Ein viktig del av arbeidet deira er å gje DOI til datasetta.

    Neil Wilson (British Library): Establishing the connection : creating the linked open British national bibliography
    – Biblioteket må arbeide for å fortsetje å vere relevante. BL sin nye metadatastrategi seier bl.a. at dei vil arbeide for å muliggjere auka innovasjon utan unødvendige hinder og ikkje bruke bibliotekspesifikke, men universelle standardar.
    – Dei har laga ein linked data-versjon av den britiske nasjonalbibliografien.
    – Grunnar til kvifor dei valde å bruke nasjonalbibliografien:
    1. Ta debatten frå teori til praksis ved å tilgjengeleggjere ein kritisk masse av data.
    2. Få erfaring med LD på eit kjernedatasett, og ikkje berre på nisje-/småsamlingar.
    3. Lage ein teneste andre kan bygge vidare på, og ikkje lenger berre vere ein “dead end”.

    – Dei valde Creative Commons 0-lisensen og Talis som plattform
    – Dei brukte eigne tilsette (bibliotekarar, ikkje IT-ekspertar), eksisterande verktøy/teknologiar/hardware, biblioteket sine MARC21-data, etablerte og betrudde linka ressursar (men det var utfordrande å finne linka ressursar som passa til materialet, som ville auke kvaliteten på dataa og som (forhåpentlegvis) vil vere der om 10 år).
    – Dei starta enkelt og utvikla det etterkvart som dei tilsette fekk kompetanse og erfaring, hadde Talis inne for å lære dei.
    – Ressursane dei lenker til er GeoNames, Lexvo, RDF Book Mashup, Dewey Info, LCSH SKOS, VIAF
    – Mykje vart gjort i MARC før konvertering til RDF, og mykje av arbeidet kunne gjerast automatisk.
    – Erfaringar/råd:
    1. Det fins ofte allereie verktøy eller ekspertise ein stad, så ikkje finn opp hjulet på nytt.
    2. Det kan vere nyttig å gje tilgang til prøvar for å få tilbakemelding frå miljøet.
    3. Forvent kritikk, og at det heile tida vil dukke opp nye data issues.
    4. “It’s often better to release an imperfect something than a perfect nothing!”
    5. Lurt å knyte til seg ekstern ekspertise for å jobbe med og guide eigne tilsette.
    6. Prøv å utvikle ein arbeidskultur for utforsking og innovasjon.
    7. Identifiser og bruk verktøy ein allereie har.

    – Var det verdt det?
    1. Dei er no til stades på LD-feltet utan at det økonomisk har gått ut over andre delar av BL.
    2. Dei har fått ein fordel som fyrstemann innan sektoren.
    3. Vist at viss ein gjer verdfulle data vil folk bruke det (meir enn 1 million transaksjonar dei fyrste to månadane).

    Irene, DST

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *