Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    Meir konkurranse!

    Forskning.no har i dag ein post om biletsøking ved hjelp av teikning. I staden for å legge inn nøye (eller ikkje så nøye) gjennomtenkte søkeord, lagar ein ei teikning, og søker etter liknande motiv. Ifølgje ei nyleg avlagt doktoravhandling av Lars-Jacob Hove (pent lagt til i Bora: Drawing visual query images : use, users and usability of query by drawing interfaces for content based image retrieval systems):

    De glade amatører synes fortsatt dette er tungvint og kuriøst, mens proffbrukerene gjerne tar teknologien i bruk.

    Enno er få bilde tilgjengelege i slike basar (Retrivr og Visi), og formlike bilde kan lett forvekslast (t.d. ein banan og ein delfin).

    Likevel meinar forskaren at eit slikt søkesystem  gir muligheiter t.d. våre  metadata ikkje gir:

    – Bibliotekarer har sin fagbakgrunn, sin kultur. Deres tolkning av bildet kan være subjektiv. Tenk deg et bilde av tidligere president Bill Clinton. Bibliotekaren vil trolig katalogføre presidenten, men overse terrieren i bakgrunnen. Datamaskinen skiller ikke mellom president og tilfeldig forbipasserende hund, sier Hove.

    På den andre sida er det neppe grunn til å slutte å legge inn metadata med det første 😉

    Sjølv kunne eg tenke meg ein database som let meg søke gjennom å plystre eller nynne ein melodi eg ikkje heilt veit kvar eg har plukka opp, men reknar med det er rett rundt hjørnet.

    5 svar til “Meir konkurranse!”

    1. Markus Scholz sier:

      Fra bubhf: «Hm, underleg, kvifor legg mine kommentarar seg øverst?»

      Til bubhf: Du kan velge rekkefølge på kommentarer i Dashboard/Settings/Diskusjon

    2. Hilde sier:

      Fra verden av i går:

      Kjell Hillveg hos Norsk Musikkforlag var god på det der. Det er ikke få kunder som har plystret eller «hummet» bruddstykker av en melodi i telefonrøret til ham. Riktignok «gammel teknologi», men han var sabla god…;-)

    3. bubhf sier:

      Hm, underleg, kvifor legg mine kommentarar seg øverst?

    4. bubhf sier:

      Tenkte eg det ikkje! Berre å spare til iPhone!

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *