Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    Meir om e-, p- og i-bøker

    Mykje interessant å høyre UH-nett Vest sitt e-bokseminar sist måndag, sjølv om eg sat att med same inntrykk som Anne-Gry Skonnord (UBtinget): Eit seminar som dette reiser fleire spørsmål enn det besvarar. Og det kan forsåvidt vere ein god ting. Skal vi vente til alle spørsmåla er besvart, får ikkje vere med på å sjølv kome med våre svar!

    Eg sluttar meg dessutan til Anne-Gry si oppsummering:

    Kort oppsummert er mitt inntrykk etter seminaret at forlags- og bibliotekfolk er tradisjonelle i sin definisjon av hva ei e-bok er, og at den mer eller mindre skal ligne på den trykte.

    Ole Husby grip også fatt i definisjonen av e-bøker i ein bloggpost på BetaUB. For skulle ikkje e-boka vere noko meir, noko heilt anna, noko som ikkje er avgrensa av strenge papirrammer?

    Eg noterte ganske flittig, men er midt i kursing, og har ikkje mykje tid til å samanfatte notatane her. Det var nyttig med ein statusrapport frå både biblioteksverda og frå forlag. Likevel er mitt hovudinntrykk at norske (fagbok-)forlag og bibliotek er ein smule bakpå. Dette gjeld  ikkje berre når det gjeld definisjonen og forståinga av e-bøker. Det gjeld i minst like stor grad utnytting av potensialet som ligg i e-bøker (vi dog *litt* mindre etter enn forlaga, vil eg hevde) og avklaringa av kva rolle vi ønskjer (og kan) spele i den akademinske verda. For det fekk både forlaga og vi nokre saftige spark frå Arne Krokan frå NTNU, og eg kan ikkje anna enn å tenkje at det kan vere godt og sunt med ein oppvekkjar.

    Samtidig deler eg ikkje hans syn på kor digitalt oppvakte ‘the digital natives’ er, sett under eitt. Heilt klart stiller  dei andre krav enn vi som har tatt oss inn i terrenget gradvis og forsiktig. Heilt klart har mange ei meir intuitiv forståing. Men likevel er det fleire undersøkingar som viser at slett ikkje alle er fødd med digitale ski på beina. Det er nokon steg frå ‘….nokon kan kome til å….’ til ‘…..alle kjem til å…..’. Denne differansen må vi forhalde oss til. Og kanskje er det dei (massen?) som ikkje heilt heng med på alle frontar som treng oss mest. Dei som driv med digital off-piste har neppe bruk for oss på same måten 😉

    Slik sett syntest eg faktisk at det aller mest interessante innlegget kom frå Jon Hoem. Det har han generøst delt med overda på sin blogg! Som han seier:

    Ja, ting endrer seg raskt. Men, ikke så raskt som vi ofte tror

    Og funder litt på omgrepet ‘indeksikalitet’ som Jon brukte flittig. Eg må studere det litt til 😉

     

    2 svar til “Meir om e-, p- og i-bøker”

    1. bubhf sier:

      Ikkje sant? I tillegg til at vi også burde kunne ‘stille ut’ nye p-bøker på same stad. Vil gjerne ha ein RSS-feed vi kunne putte inn der, med nyanskaffelsar!

    2. Hilde sier:

      Det sies veldig mye om bruken av e-bøker og alle mulighetene, men er det noen som har funnet en virkelig god måte å presentere eller «stille ut» disse bøkene?
      Nye trykte bøker fremhever vi på egne hyller og bokkaruseller, lager utstillinger etc. men hva gjør vi med de elektroniske?
      Hvordan plukke og fremheve enkeltbøker slik at de blir oppdaget og sett? De nye fagsidene som vi venter på må jo være et ypperlig sted til å presentere enkeltbøker, ikke? 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *