Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    Heimekontor

    Som mamma til ein med behov for spesiell oppfølging, er eg veldig glad for å ha fått innvilga høve til å ha heimekontor nokre dagar kvar månad. Tanken er at eg skal bruke IT-avdelinga si heimekontor-ordning, og elles utføre oppgåver eg like godt kan ta heimefrå. I dag har eg til dømes vore chatvakt, og det fungerte nesten (men berre nesten) like godt heimefrå.

    Det har seg nemleg slik at ikkje alt fungerer like strykefritt. Eg loggar meg på eksternt skrivebord, noko som i prinsippet er ein glimrande ide. Då skal eg ha tilgang til alle dokument på eigne område og på fellesområde, og dessutan til (ei standardisert pakke med) programvare. Dermed skulle eg ha tilgang til BIBSYS, i tillegg til MS Office, som eg ikkje har på eiga maskin. Men så fungerer det altså ikkje like smidig heile vegen. For eksempel blei eg fleire gongar automatisk logga av det eksterne skrivebordet. Det har skjedd før, og eg trudde det hang saman med det dårlege nettverket eg hadde heime, eller med at det sto ubrukt ei stund.  I mellomtida har  eg bytta ut nettverket, og hadde ingen problem med tilkopling til andre nettrussursar då eg blei logga av heimekontoret.  Eg opplevde også å brått misse kontakta medan eg skreiv ein mail, så aktiviteten har tydelegvis mindre å seie.

    Dette inneber at jobbinga blir litt meir omstendeleg. Det går jo heilt fint å ha fleire program gåande samtidig med at ein har det eksterne skrivebordet oppe. Og dermed er det meir praktisk å ha ha nettlesaren med Meebo utanfor enn inne i heimekontoret, all den tid eg risikerer avlogging. Samtidig vil eg gjerne ha tilgang til filer med ofte brukte uttrykke etc. som ligg på vårt fellesområde, så då går eg til det eksterne skrivebordet. Der kan eg også ha Bibsys ope i Blåskjerm.

    Men det neste eg oppdaga, var at det ikkje var mogeleg å kopiere på tvers, dvs at utklippstavla eg brukte utanfor skrivebordet, ikkje kunne hentast med inn på det eksterne skrivebordet, og omvendt. Så dermed sat eg der og sende mail til meg sjølv for å overføre tekst og viktige lenker…

    Legg til at intern.uib.no ikkje er tilgjengeleg frå skrivebordet når eg brukar Internet Explorer (eg blir nekta i døra når eg forsøker å logge meg på), men berre når eg brukar Firefox, og det er duka for arbeid som krev at ein held tunga midt i munnen og passar nøye på kvar arbeidssoperasjon. Eg HAR misst arbeid på denne måten, men ikkje i dag. I dag tok det berre veldig mykje meir tid enn nødvendig. Er det berre frå mi maskin dette er vanskeleg, eller er det fleire som har opplevd det same? Eller gjer andre det berre på ein mykje smidigare måte? Høyrer gjerne 😉 I mellomtida lagrar eg hyppig og kryssar fingrane!

    Ett svar til “Heimekontor”

    1. Regina Küfner Lein sier:

      Interessant lesing. Jeg har brukt hjemmekontor nå og da over de siste årene. Jeg har ikke opplevd å bli logget ut av systemet, men ellers erfart de samme hindrene: ikke tilgang til internkatalogen, ikke mulig å kopiere fra utenfor hjemmekontoret til innenfor; jeg har løst det som deg ved å sende epost til meg selv. Det som heller ikke går er å overføre filer fra/til en USB, siden den igjen er på den ytre maskinen og ikke på hjemmekontordisken. Mer tungvint og amputert jobbing alt i alt.
      Dessuten er det til dels antikvarisk programvare vi blir tilbudt på hjemmekontor. Når jeg sist spurte IT om forbedringer for sikkert et halvt år siden, fikk jeg som svar at de ville legge om det hele til en bedre løsning. Tja, ….

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *