Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    Biletsøking

    BetaUB og Ole Husby melder i dag om ei ny teneste frå Google. Det er no mogeleg å laste opp eit bilete (eller oppgi url til eit bilete), og få Google til å søke etter liknande bilete. Surra litt før eg kom i gang, men det verka umiddelbart lovande. Eg brukte url til eit bilete eg sjølv hadde tatt, og Google klarte umiddelbart å sjå at dette var innsida av kuppelen i det finske nasjonalbiblioteket. Gitt at biletet var med lang lukketid og utan blits, var eg ganske imponert over kva Google klarte å finne att (klikk på biletet for ein større versjon). I trefflista fann eg to lenker til Nasjonalbiblioteket (alltid nyttig å ha) samt fleire ‘liknande bilete’, mange frå nasjonalbiblioteket. Det var bilete tatt frå andre vinklar, men og frå andre rom. Kva fyren i blå skjorte gjer der, veit eg ikkje, men han er tydelegvis også finsk. -Kanskje ein nasjonalibibliotekar? I denne samanhengen kunne søket verifisere kvar eg hadde tatt biletet, og trefflista syntest nyttig.

     

    Men så søkte eg vidare, og var ikkje heilt like fornøgd. Om eg i staden søker basert på eit blomsterbilete frå ein nyleg arrangert blåtur, ser trefflista heilt annleis ut. For å seie det slik: denne trefflista ville ikkje hjelpt meg synderleg på quizen.

    Arten er ikkje gjenkjend (kanskje litt optimistisk å håpe på). Om alle blomane på biletet var kvite, var dei elles nesten heilt, men ikkje komplett ulike den på mitt bilete. Botanisk sett var det lite slektskap å snakke om.

    Tenesta kjem heilt sikkert til å utvikle seg og bli betre. Og om ein ikkje kan stole på å få nyttige treff, så kan ein tydelegvis få det innimellom. Og det kan kanskje vere nok til å kikke innom av og til?

     

    Ett svar til “Biletsøking”

    1. Sigrun sier:

      Snedig. Prøvde meg på tampen av en lang dag med et bilde av julenissen som står midt i en folkemengde. Det som kom opp da var bilder som alle hadde noe rødt i midten, og så stod det folk rundt det røde.

      Det minner meg om at det heldigvis er lenge til jul, iallefall!

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *