ISI WoS og EZ-Proxy
Sidan det er ferietid og litt vanskeleg å vite kven som bør ha denne informasjonen akkurat no, prøvar eg meg med kunnskapsdeling her på bloggen. Det viser seg at ISI WoS og dei andre Thomson-Reuters-basane i augneblinken ikkje fungerer via proxserveren. Såvidt eg kan forstå, skuldast det oppdateringar frå Thomon-Reuters si side (endra url, blant anna), og brått kjennast ikkje vår proxyserver igjen av ISI. Har testa, og ikkje funne problem med andre basar eller med tidsskrift.
Om nokon mottar frustrerte meldingar frå brukarar utanfor campus som ikkje får søkt som dei skal, kan dette vere grunnen. Reknar med det ordnast såsnart rette vedkomande er tilbake frå ferie, typ over helga 🙂
Legg igjen en kommentar