Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    IFLA SOM KOMPETANSERESSURS, skrevet av Ane

    IFLA SOM KOMPETANSERESSURS

    Som einaste deltakar frå UB Bergen var eg på IFLA i Puerto Rico i august 2011.

    På vegen var eg innom Colombia Universit Library i NewYork, som eg kjem tilbake med ein eigen bloggpost om.

    I staden for ein tradisjonell reiserapport vil eg gje nokre idear om korleis vi kan bruke IFLA som ein kompetanseressurs.

    Denne presentasjonen inneheld ”Screen shots” frå ulike nettstader, og er ikkje klikk-bar direkte frå dokumentet.

    Nettsida til IFLA: http://www.ifla.org/ inneheld svært mykje informasjon. Ved å gå inn på ”Activities and Groups” kan du finne nyhetsbrev og publikasjonar frå undergrupper som arbeider med tema som interesserer deg. IFLA arbeider med å lage eit eige Open Access Repository som skal gjere det lettare å finne fram til informasjon og presentasjonar, men det fins mykje allereide, om vi berre leitar litt.

    Den viktigaste kjelda til ”papers” og presentasjonar ligg på sidene til dei ulike konferansane, inkludert satelite conferences/prekonferansar og poster sessions. Her er sida for konferansen i Puerto Rico i 2011, og frå dei oransje fanene oppe på sida kan du gå direkte til programmet, eller leite deg fram til prekonferansane. For poster sessions er det berre abstract som ligg ute, men det er mogeleg å ta kontakt direkte dersom du ser noko som er spesielt interessant.

    Frå ”programme”-fana kjem du inn på programmet, som er omfattande. Det er mange parallelle sesjonar. Kvar av undergruppene til IFLA arrangerer minst ein sesjon på konferansen, og nokre arrangerer ein åleine og ein saman med andre.

    Eg er medlem i Academic and Research Libraries Standing Committee (Les meir på nettsida til IFLA viss du vil ha meir info om IFLA sin organisasjonsstruktur.) Vi arrangerte to sesjonar i Puerto Rico.

    Nokre av komiteane går ut med “Call for papers”, medan Academic and Research Librarie går ut og inviterer direkte. Ein ulempe med det er at det kan bli ”vestleg”, fordi dei mest aktive medlemmene i komiteen er frå USA, UK, Australia og Skandinavia.

    Maria Carme er leiar for Information Literacy Standing Committee, og dei hadde eit veldig spanande program saman med eit par andre grupper. Eg tek det programmet fram som eit døme på korleis vi leitar oss fram til interessante papers:

    Og når vi klikkar på den blå lekkja (der dei fins) så kjem sjølve paperet opp i pdf-format.Min standing committee arrangerte to sesjonar:

    Session 122 — Vision 2020: innovative policies, services and tools — Management and Marketing Section with Academic and Research Libraries

    Her fins det lekkjer til dei ulike papera. Lars Egeland er ein som har blogga om denne sesjonen også.

    Den andre sesjonen er ein ”Hot topics”-sesjon, der vi har fire korte presentasjonar, og så diskuterer deltakarne vidare rundt borda. Mi rolle der er å setje diskusjonen i gang, passe tida, og notere interessante spørsmål som kjem opp. Og i Puerto Rico viste Hot Topics seg å vere så ”Hot” at brannalarmen gjekk….

    Session 185 — Hot topics in academic and research libraries: conquering the economic downturn – managing transformational change in our libraries — Academic and Research Libraries Section

    17 August 2011 13:45 – 15:45 | Room: 208

    Congress track 5: Ideas, innovations, anticipating the new.

    • Between baby-boomers and diginative generation – challenges in the personnel management of libraries
      JARMO SAARTI (University of Eastern Finland Library, Kuopio, Finland)
    • The mobile internet: challenges and opportunities for academic libraries
      KLAUS CEYNOWA (Bavarian State Library, Munich, Germany)
    • Digital content: ubiquitous access
      NGIAN LEK CHOH (National Library, Singapore)
    • Hitting the headlines – does the saying «there’s no such thing as bad publicity» apply to academic libraries?
      JANET FLETCHER (University of New South Wales, Sydney, Australia)

    Her er det ikkje eigne papers lagt ut.

    Sesjonen min deler også ut tre stipend for beste essays til ein deltakar frå kvar av områda Afrika, Sør-Amerika og Asia, og det har eg hatt det praktiske ansvaret for i 2011 og skal ha det i 2012.

    Neste IFLA er i Helsinki i august 2012.

    Eit anna viktig aspekt ved konferansen er nettverksbygging. Her er eg saman med Angela frå Romania og Serap frå Tyrkia. I tillegg var Dr. Maria Musoke frå Uganda der, og Unni Knutsen frå Oslo, av våre næraste samarbeidspartnarar.

    Ellen Tise, som er avtroppande leiar av IFLA hadde to viktige utfordringar for oss alle vidare: ”Redefining library (space)” og ”Access to knowledge and information”. Ny leiar er Ingrid Parent frå Canada, og ny nestleiar Sinikka Siipala frå Finland.

    Dersom du har spørsmål eller kommentarar ta gjerne kontakt.

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *