Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    Oppsummering fra KORG dagene

    Her kommer litt oppsummering fra KORG dagene!

    Hilsen Ellen, Irene, Anne Å og Aud

    2. februar:

    E-boka og kunnskapsorganisasjon

    Korg-dagane i år hadde rekordstor oppslutning med ca 300 bibliotekarar frå folke- og fagbibliotek.

    Først ut var James Weinheimer, American University of Rome

    Han snakka generelt om katalogar og nye måtar å sjå ting på. Han sette spørsmålsteikn ved om vi skal ta i bruk FRBR og RDA (nye katalogiseringsreglar, enkelt sagt).  Er det dette vi/brukarane har  bruk for?  Bør vi sjå på vår bibliotekverd/katalogen på nytt? Kom inn på mash-ups, linked data, etc. Kan vi lage nye/forskjellige katalogar ut frå brukarane sine behov? Og trenger katalogen å være synleg for brukeren?

     

    Tor Arne Dahl, HiOA : Under huden på e-boka

    Kva er e-boka? Han snakka om forskjellige filformat for e-bøker:  PDF, EPUB, Kindle (Amazon) .EPUB-formatet er vesentleg betre enn PDF. Dette er det formatet norske forlag har valgt. Lærebøker/pensumbøker kjem til å kome i EPUB3-format, enno fleire muligheter/ dynamiske lærebøker. PDF kjem etter kvart til å utgå blant annet fordi det er sideorientert og tryktbasert, dessutan problematisk ang. skrift/størrelse.

    EPUB og Kindle derimot har flytande design og skrift som kan endrast. Problemet med EPUB er at det lett kan kopierast. Her kjem DRM (Digital rights management) inn.  Kan tidsavgrense lesing/nedlasting.

    Litt om Lesebrett (Kindle, Sony) og Nettbrett (IPad, Galaxy Tab, Samsung). Mykje av dette var folkebibliotekrelatert. Nasjonalbiblioteket – bokhylla.nb.no – ofte dårleg lesbart, men ikkje plan å gå over til EPUB-formatet enno. Ikkje alle lesebrett kan lese alle formater.

     

    E-bokproduksjon i Norge

    2 foredrag:  Ellen Wiger: Bokselskap.no (http://www.bokselskap.no/). Veldig fin nettstad. Laga av det norske språk- og litteraturselskap, sponsa av Kulturrådet/Staten.  (Vi bør legge den i Bibliotekportalen!) Inneheld fulltekst av norske klassikarar som har falt i det fri. Kan lesast og lastast ned gratis, EPUB-format. (XML-filer). Skal sikre tilgangen til norsk klassisk litteratur, mykje betre lesbare enn bokhylla.nb.no. Kommentarar, verkpresentasjonar, forfattarbiografiar. Ynskjer å gjere meir ang. metadata på verka. Et problem at bøkene ikkje er katalogisert i Bibsys.

     

    Magnus Rudolfsen:  Den norske bokdatabasen

    Her ein presentasjon frå «bak kulissane».  Denne databasen er tilretteleggar og leverandør (selgar) av metadata til forlag, bibliotek, bokhandlar, lagar leseapp’s etc. Ca 10.000 nye titlar i året. 5-6 bibliotekarar katalogiserer. Har valgt EPUB som standard i 2007. EPUB 3.0 gir muligheter til semantisk metadata. Leverer tekniske løysingar til bokskya.no

    Når det gjeld lesing/nedlasting er det forlaga/forfattarane  som bestemmer DRM/kopibeskyttelse, event. DRM-vannmerking.

     

    Integrasjon og formidling av e-bøker i bibliotekene

    Kjartan Vevle, Biblioteksentralen

    Snakka om e-medier i bibliotek. Det meste her gjeld folkebiblioteka. Biblioteka sin rolle er ulik ein bokhandel. Vi skal representere breidde og stort utval, ikkje fokusere så mykje på bestseljarar. Grunnlagsdata for formidling: Metadata i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. E-medier må med i biblioteka sine katalogar, eitt system for e-medier og fysiske medier.  Biblioteket sin rolle som kultur- og språkformidlar.

    Nye måtar å lage for eksempel temakatalogar på: BSGlobus.  Fin, men må betalast for …:

    http://www.bibsent.no/publikasjoner/emnelister/bsglobus.aspx

     

    Susanne Iversen, Århus bibliotek. Prosjektleder for eReolen.dk: https://ereolen.dk/

    Imponerande prosjekt. Nytt tilbod frå danske folkebibliotek frå 1. nov. 2011. Alle danske folkebibliotek deltek. Førebels 77 forlag og 2167 titlar. Støtte frå Kulturstyrelsen. Lån via nettet, til ein rimeleg pris for biblioteka. Alle med dansk lånekort kan bruke tilbodet. Avtale mellom bibliotek og forlag/forfattarar.  Kan på sikt inngå i «Danskernes digitale bibliotek». Lån/nedlasting via nettet, 30 dagars lån, 1 fornying tillatt. Integrasjon i bibliotekkatalogar. Midlertidige metadata.

     

    Ragnar Nordlie, HiOA: Digitale tekster og gjenfinning

    Kjelder til dokumentbeskrivelse: Forfattaren, formidlaren (for eksempel biblioteket), brukaren (taggar, terningkast, sosiale medier, bruksdata).

    Gjenfinnings-utfordringar i digitale bøker: Språk, mengde, kompatibilitet

    Uklare enhets-grenser; dikt, novelle, essay, bok, fleirbindsverk …

    Gjenfinning av/gjenfinning i. Kva er enheten som skal presenterast? Lenke til andre enheter? Relevans?

    Forskningsutfordringar: Oppdeling, Innhald, Ontologiar, Metadata-koblingar, Tolkning og ordning av beskrivelsen.

     

    Ole Husby, NTNU: E-boka og fagbibliotek

    Til slutt den første dagen «noko som passa for oss»! Dette var ein nyttig gjennomgang av eboka sin stilling i norske fagbibliotek.

    Bok-metaforen vil forandre seg, det blir snart eit anna namn på «e-bok». Ikkje fokuser for mykje på at det er ei bok, men digitale tekstar/websider. Ofte bokpakker frå store levarandørar, men også enkeltkjøp. Direktelenker/integrasjon i Bibsys. Vi må også vise oss fram i andre søkekjelder, for eksempel Google etc. via SFX (lenketenar). Basert på tilgang via IP-adresser.

    Vårt nye system, OCLC/Bibsys skal drifte lenketenarar.

    Han presenterte ei fin ønskeliste for e-bøker!

     

    3. februar

    Dewey: Gjenfødt digitalt,  Elise Conradi, Nasjonalbiblioteket
    Elise Conradi snakka om arbeidet med den norske web-utgaven av Dewey.

    Hun la vekt på at det registreres mye tilleggsinformasjon, som skal komme brukerne til gode ved søking, og at dette er veldig ressurskrevende arbeid. F.eks. blir numre fra hjelpetabellene kodet for å bli søkbare, og det blir knyttet (norske) ord til Dewey-numrene.

    Det blir også lagt vekt på å bruke historikken bakover i Dewey-utgavene. Dvs. at ulike numre som er brukt om emnet opp igjennom blir knyttet sammen, slik at man får fullstendige søk.

    Til slutt hadde hun et eksempel på utnyttelse av Deweys geografiske hjelpetabell, der alle de geografiske numrene får koblet kartkoordinater til seg, og dermed kan brukes til visning på et kart. F.eks. kan man finne alle bøker om Ulvik ved å klikke på Ulvik på Norgeskartet.

    Fra silo til (semantisk) web? Hva skjer med biblioteksystemene?  Rob Styles, Talis
    Rob Styles tok først for seg utviklinga av World Wide Web og snakka ellers varmt om linked data og semantisk web, illustrert med masse eksempler.

    Budskapet hans til bibliotekene var at «MARC will die. Let’s help libraries to live on…», og videre:
    -Publiser dataene deres nå, ikke vent til noen ber om dem.
    (i hvilken som helst form, Marc21, Normarc, hva som helst)
    -Gi dataene tydelig lisensmerke, så andre kan bruke dem.
    -Oppfordre alle og hvem som helst til å gjøre interessante ting med dataene deres.
    (selv om det er ting som kan føles ukomfortable)

    Sjekk også schema.org (‘This site provides a collection of schemas, i.e., html tags, that webmasters can use to markup their pages in ways recognized by major search providers.’)

    T!NG: «Et åbent økosystem for innovation, samarbejde og deling af resultater i det digitale samfund»,  Bo Weyman, DBC
    Bo Weyman er direktør for IT development ved Dansk BiblioteksCenter, og presenterte T!NG.concept.
    Formålet med T!NG er å frigjøre bibliotekenes metadata, innholdsobjekter og fysiske samlinger, skape relasjoner mellom dem og plassere dem i en meningsfull kontekst for brukerne – og å lage plattformer og brukergrensesnitt som understøtter disse formål.

    Han viste eksempler på ulike hjemmesider som er basert på T!NG.
    Dette kan man lese mer om her: http://ting.dk/content/oversigt-over-hjemmesider-der-er-baseret-paa-ting

     

    Hva skal erstatte MARC? – Deanna Marcum

    Marcum var tilsett ved Library of Congress fram til nyttår 2011. Ho er no konsulent for Ithaka S+R (http://www.ithaka.org/ithaka-s-r).

    –          Library of Congress (LoC) har sett i gang eit initiativ kalla «Bibliographic Framework Inititative» (BFI) som skal vurdere dei bibliografiske rammeverka biblioteksektoren bruker i dag. BFI bygger bl.a. på arbeidet til «The working group on the future of bibliographic control”. Dei leverte eit sett med anbefalingar til LoC, bl.a. at ein avventer vidare arbeid med RDA og at ein treng ein ny bærar for bibliografiske postar (i dag MARC).

    –          RDA skal tidlegast implementerast av dei tre amerikanske nasjonalbiblioteka LoC, National Library of Medicine og National Agricultural Library januar 2013.

    –          Element ein vil sjå på for post-MARC-rammeverk:

    • Web og Linked Data
    • Samarbeide med ekspertar og communities, også i andre sektorar
    • Bygge på kjerneontologiar
    • Modulbasert
    • Applikasjonar kunne plukke frå ulike ontologiar

    –          Kva må gjerast framover:
    Avgrense, sjå på RDF og prøve å utfylle/komplettere det gjennom W3C og eksisterande ontologiar, få til systemkommunikasjon med både katalogsystem og institusjonelle arkiv, identifisere eksisterande ontologiar, sjå på Dublin Core Metadata Initiative sin abstrakte modell, vurdere korleis behaldningsdata kan integrerast.

    –          LoC kjem til å drifte MARC så lenge formatet vert brukt, men kjem ikkje til å vidareutvikle det.

    –          Vil prøve å få opp prototype/-ar i løpet av eit år eller to. Arbeidet med «post-MARC» må vere eit samarbeid med mange aktørar (pionerar, leverandørar, arkiv, museum m. fl.). LoC vil bl.a. arbeide med finansiering av BFI, utvikle verktøy for «proof of concept» og registrering av ontologiar.

    –          På spørsmål sa Marcum at ho personleg hadde problem med FRBR-delen av RDA fordi folk ikkje forsto det, hennar meining var at denne delen måtte/burde endrast.

    –          Ho sa også at det ikkje kom til å verte slik at me skulle endre/konvertere alt som har vore gjort tidlegare. Det kom heller ikkje til å verte gitt pengar til å utvikle ting som allereie fins (t.d. ontologiar), så det ville verte mykje gjenbruk.

     

    Europeana og opne data – Valentine Charles, Europeana

    –          Charles snakka om The Europeana Data Model (EDM), som er ein ny modell for å strukturere og representere materialet som som vert levert til Europeana. Denne er under utvikling, akkurat no arbeider dei med å validere modellen med data.

    –          Europeana sitt noverande metadataskjema er Europeana Semantic Elements (ESE). Dei brukar 37 Dublin Core-kvalifikatorar og 14 kvalifikatorar definert av Europeana sjølve.

    –          ESE har ein del problem, som at komplekse data vert forenkla i ein flat representasjon, ein mister mykje av rikdomen i dei originale metadataa og ein blandar metadata om det fysiske objektet og det digitale formatet.

    –          EDM er eit ope, semantisk rammeverk som skal dekke ulike sektorar som bibliotek, arkiv og museum.  Det er basert på RDF, og bruker bl.a. Dublin Core, OAI-ORE og SKOS.

    –          Med EDM kan ein bl.a. skilje metadata om det fysiske objektet og den digitale representasjonen, ein kan legge rettigheitsinformasjon på kvart enkelt element og dei ulike dataa kan berike kvarandre.

    –          Sidan ein brukar RDF vert kulturmaterialet ein del av den semantiske weben. Alle som vil levere data til Europeana må godta å ha CC0-lisens på metadata sine (http://creativecommons.org/publicdomain/zero/1.0/).

     

    Datadeling, mashups og opphavsrett – Gisle Hannemyr, UiO

    –          Det er konflikt og uløyste problem mellom internett og opphavsrett:

    • T.d. merkesystemet for søkemotorar (robots.txt), der ein i rota på nettstaden ber robotar om ikkje å indeksere og kopiere innhaldet på deler eller heile sida. Dersom ein ikkje har eit slikt eksplisitt forbod, kan då alle bruke alt materiale som dei vil?
    • Kollektive vederlagsordningar: Har sett sak på at personar har fått løyve av opphavsperson til å bruke deira musikk, men har i ettertid fått rekning frå Tono fordi opphavspersonen ikkje har moglegheit til dette. Tono gjev ikkje medlemmene sine lov til å gje enkeltverk ut under ein Creative Commons-lisens.
    • Innbygging/embedding: Døme på sak der Gudbrandsdølen Dagningen lasta opp ein video på YouTube og embedda denne på si eiga side, men reagerte då andre også embedda videoen (http://www.journalisten.no/story/62971).

    –          Internett er ein «forstyrrande teknologi/disruptive technology» for musikkbransjen:

    • Teknologien er dårlegare enn det musikkbransjen sjølve har (streaming vs. vinyl/CD).
    • Teknologien appellerer fyrst til ei gruppe kundar musikkbransjen ikkje bryr seg om (t.d. fattige studentar).
    • Dersom musikkbransjen går over til den nye teknologien vil dei tene mindre pengar enn dei gjer i dag.

     

     

     

     

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *