Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    Nokre spørsmål rundt nytt system

    Etter eit par inspirerande dagar på Voss, svirrar tankane summande rundt eit par saker som kom opp. Og honningkrukka tankane i denne omgang samlar seg rundt, er vårt komande, nye biblioteksystem. Her ligg det mykje spennande, mange utfordringar. Mykje blir mogeleg.

    I utgangspunktet synest eg Web-scale-tenking er spennande. Eller skal vi kalle det vevskala, eller kanskje nettskala? Enn så lenge er det (som Ole Husby understrekar på Betub) ein smule diffust og ikkje heilt greitt å å få tak på. Forskjellige aktørar legg dessutan vekt på forskjellige aspekt. Om eg har forstått det rett, så er dette ikkje anna enn ein vri på ‘United we stand‘ eller ‘saman er vi sterke’. Åleine er vi for små til å synast i nettlandskapet, saman kan vi utgjere noko som er synleg, ei merkevare. Noko folk hugsar, dei veit umiddelbart kvar dei skal finne oss. På nettet er det Google, Facebook, Twitter of Youtube som er dei store, synlege. Også for andre merkevarer vi har fått hamra inn gjennom reklamen (Levis, Coca Cola, eller i min ungdom: Sprite og Adidas) antar vi at vi kan skrive ‘.com’ etter merkevaren og kome dit vi skal (funka for dei eg prøvde, vaffal). Deretter kan du som regel gå til ein ‘store locator’, og på snedig vis finne næraste utsal. Om dei då ikkje alt har sendt deg rett dit, på bakgrunn av IP-adressen din.

    Om vi faktisk skulle stå samla, skulle vi vere temmeleg store. Kva var det Ole Husby sa på Neptunseminaret? Noko sånt som at vi sikkert kunne kjøpt Google, om vi slo saman katalogiseringsbudsjetta våre, internasjonalt? Kanskje hugsar eg feil, men biletet sat att 😉 Saman er vi store nok til å ruve. So far, so goo.

    Spørsmålet om KVA vi skal markere, kva vi skal samle oss rundt, blei ikkje særleg belyst. Kva skal vere blikkfanget? Libraries.com eller Libraries.org? Begge domener er ledige. Det same er Bibliotek.no. Hertillands skulle vi jo allerhelst ha marknadsført oss som Finn.no, men akkurat dette domenet er visstnok opptatt. Fillesak, tenkjer du kanskje. Dette er ikkje det viktig å snakke om, i alle fall ikkje på dette tidspunktet. Men EG synest det er temmeleg viktig.

    Eg synest nemleg det er ein prinsipielt veldig viktig skilnad mellom å vere ei likeverdig lokal avdeling av Libraries.com (med ‘powered by OCLC’ diskret aller nedst på sida) og å vere ei lokalt utsal for OCLC .org (gjennom ‘finn et bibliotek nær deg’). For å utnytte effekten av å stå samla, må det vel vere nødvendig å ha eit sams namn, ei sams gjenkjenningseffekt, ein sams inngang til å finne oss? Utan at vi har konkrete forslag til korleis vi skal kle denne keisaren, kan vinteren bli tøff, og han kan sommarstid bli henvist til eit lite utval av strender… Skal vi vere lokalforhandlar av OCLC.org, må det vere eit medvite val, dit bør vi ikkje kome på walkover. Eit anna poeng å merke seg, er ein kommentar frå Arve Olaussen om at nokre år fram i tid, kan det vere ExLibris eller ein heilt ny aktør som har det beste tilbodet. Vi bør til ei kvar tid bør vurdere kva tilbod vil er best tent med, meinte han. Det valet har vi ikkje, om vi har satsa på å bygge merkevaren OCLC.

    Fleire spørsmål til BIBSYS dreidde seg om bevaring av funksjonalitet i nytt system. Mange av spørsmåla var relativt spesifikke, og det er klart at det er vanskeleg på dette tidspunktet å svare konkret på kvart einskilt spørsmål, eller forsikre om at ingen funksjonalitet vil gå tapt. Olaussen gjorde klokt i å minne oss om at ‘vi’ ønskte ei hyllevare. Derfor kan vi ikkje vente at varen skulle dekkje absolutt alle behov, like lite som vi kan gå til H&M og be dei legge opp buksene for oss. Samtidig er eg overtydd om at mange av dei funksjonane som blir borte, gjerast overflødige av flunkande nye funksjonar, ved implementering eller i åra som følgjer. Slikt blir det spennande å følgje med på.

    Likevel slår eg meg ikkje heilt til ro med det. Det er viktige grunnar til det. Marit Kullerud etterlyste eit innmeldingssystem, men fekk ingen garanti for eit påliteleg system for å sikre vurdering av innmelde behov. Truleg er BIBSYS (og med god grunn) redde for at vi skal synke hen i petitesser, for at vi skal misse perspektivet. Samstundes tyda presentasjonen frå BIBSYS på at dei sjølve ikkje i tilstrekkeleg grad har kjennskap til dagleglivet for dei som skal bruke det systemet dei utviklar og forvaltar. Til dømes blei direkte aktivering av elektroniske ressursar i akvisisjonsmodulen presentert som ei vesentleg nyvinning. Det blei framstilt som om vi no må sitte passivt og vente på at BIBSYS skal gjennomføre ein import. Per i dag gjerast denne aktiveringa i SFX. Ressursane er då umiddelbart søkbare og tilgjengelege for brukaren, lenge før BIBSYS gjer ein import. På same vis blei integrert referanseverktøy i sluttbruker-grensesnittet presentert som eit lite gjennombrot. Det er ein heilt grei funksjon, men dekkjer neppe behovet for spesielt mange, med mindre det samtundes er mogeleg å legge inn referansar som bokkapittel, oppslag frå referanseverk og vitskaplege artiklar. Våre brukarar har tilgang til EndNote. Har dei eit lettare behov, brukar eg heller å foreslå Zotero. Ein kunne mange gonger ønske seg at systemleverandørar hospiterte ei periode i skranke eller undervisningsverksemd, slik at ein enklare kan kommunisere om behov.

    Det vi bør undersøke, er om OCLC har aktive brukarorganisasjonar. Ex Libris har, det må vere mogeleg å jobbe på same måten som deira brukarorganisasjon. I god tid før brukarmøte i IGeLU melder ein inn utviklingsønskje. Desse samlast og grupperast (mange melder inn liknande behov). Deretter stemmer medlemsorganisasjonane på dei viktigaste utviklingsønskja, og har høve til å velje mellom å stemme ‘litt’ på mange saker, eller vekte sterke ønskje tungt (gi alle sine stemmer til dette). Toppsakene overleverast så til ExLibris, som så vurderer dette mot mellom anna planlagd utvikling og programmeringsmessige utfordringar. Perfekt fungerer det ikkje, men det er i det minste eit system som sikrar ei vurdering, og som reflekterer kor mange som oppfattar behovet.

    Uansett kva konklusjonane blir, så tenkjer eg at det same gjeld over alt, anten det er Ask, Bibliotekportalen, Eksem- Ekstrem- Eksternwebben, at ein på ein front må jobbe for at systemet vi presenterer skal bli så bra som mogeleg, og på ein annan front må jobbe for å utnytte den funksjonaliteten som alt ligg i systemet maksimalt! Det at noko ikkje fungerer, er slett ingen grunn til å la vere å bruke det som fungerer godt!

    Det er mogeleg at dette innlegget tøyer mandatet eg har i Kunnskapsdelingsbloggen. Samtidig får det ikkje helt plass i kommentarfeltet hos direktøren heller. Så eg tar sjansen 😉

    4 svar til “Nokre spørsmål rundt nytt system”

    1. Arve Olaussen sier:

      Din kommentar: «Til dømes blei direkte aktivering av elektroniske ressursar i akvisisjonsmodulen presentert som ei vesentleg nyvinning. Det blei framstilt som om vi no må sitte passivt og vente på at BIBSYS skal gjennomføre ein import. Per i dag gjerast denne aktiveringa i SFX.»

      En liten presisering fra BIBSYS:Det ble presentert i tilknytning til et eksempel med e-bøker hvor det i dag ikke er like enkelt og det eksisterer dessverre en importkø. SFX dekker bare e-tidsskrifter hvor det som du sier er tilsvarende enkelt som i det nye produktet.

    2. Sigrun Ask sier:

      Synes Hege har et godt poeng.

      Foreløpig (i utviklingsfasen) er vel tingene lagt opp til at brukerne bare skal jobbe mot BIBSYS?
      I denne fasen blir BIBSYS vårt nasjonale talerør?
      Vi er vel ikke formelle deltakere i World cat før i 2013.

      Oppfatter det som at i denne fasen må BIBSYS sortere ut hva som krever nasjonal tilpasning eller nasjonale tilleggsprodukter (som nasjonalt autoritetsregister) og hva som befinner seg innenfor rammene for utvikling av fellessystemet, som OCLC har råderetten over.

      Men etter det Hege skrev, om jeg ikke har misforstått, så tenker jeg at hun har et godt poeng:
      Vi systembrukere bør også ha en direkte kontaktflate mot oclc etterhvert.

      Jeg har meldt meg inn i et par postlister, bare for å få et inntrykk av hvordan diskusjonene går mht kunnskapsorganisering.
      (Egentlig er jeg der for å sjekke om de sier noe om Dewey og MeSH.)

      Men kanskje vi burde hatt en egen postliste for europeiske brukere … ?

      Det mangler i alle fall en slik liste her, https://www3.oclc.org/app/listserv/ og det er kanskje et slags første trinn, etter hvert, når den tid sannsynligvis kommer.

      Sigrun

    3. Ingrid sier:

      Veldig bra innlegg, Hege 🙂

    4. bubhf sier:

      PS: brukargrupper finst for OCLC, men lite ‘Webscale’ eller ‘United we stand’ over desse, det ser temmeleg fragmentert ut:

      http://www.oclc.org/membership/usergroups/default.htm

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *